Hopp til innhold

Inn i Trøndelag

Innlegget vart skrive i går kveld, men på grunn av manglande dekning fekk eg ikkje posta før no.

I dag har me sykla i shorts og T-skjorte heile dagen. Endelig er finværet tilbake.

Dagen starta med ein omveg på 12 km. Det hadde gått eit ras i april over vegen mellom Kjelleidet og Kolvereid. Vegen var framleis stengt, men det var heldigvis godt skilta. Det som ikkje var like kjekt var at me måtte opp eit parti med 10% stigning. Ganske varmt og slitsomt.

Vidare passerte me grensa til Trøndelag fylke. I følge kartet vårt skulle me inn i Nord-trøndelag. Men skiltet sa Trøndelag, så dermed har me eit utdatert kart. Eg håpar at det ikkje er andre ting som er endra også. I tillegg kan me også noterte oss at me er komt inn i eit fylke der ingen av oss har vore tidlegare.

I Kolvereid hadde me ein lang og god lunsjpause. Me koste oss også med turens fyrste softis. Då me sjekka fergetidene, såg me at det var mogleg å rekke neste ferge dersom me skunda oss. Dermed måtte Tore springe inn på butikken og kjøpe middag i ein fei. Det vart ein ferdigrett frå Toro. Me får satse på at det smakar ekstra godt når me varmer plasten i vatnbad av saltvatn.

Me rakk ferga frå Hofles til Lund med god margin. Over på andre sida byrja me å snakke om at no som me er i Trøndelag kan me risikere å støte på hoggorm. Etter ein halvtimes sykling dukka det opp ein stor, død hoggorm i vegkanten.

Dagens etappe har vore ganske kupert, med mykje opp og ned. Det har likevel vore veldig fint å sykle her. Me merker at me har blitt ganske vant til syklinga, og at det går heilt fint med ein del bakkar. No har me slått opp teltet ved ein rasteplass ca 25 km før Namsos.

2 kommentarer til “Inn i Trøndelag

  1. Marta

    Det er veldig imponerende at dere er på full fart gjennom Trøndelag En hel landsdel som er tilbakelagt av dere nå Dere får heldigvis nyte godt av det deilige sommerværet sørover God tur videre!

  2. Liv Arnhild Søbye Beddari

    Blir mer & mer imponert over deres innsats & utholdenhet, tåle dårlig vær, lager god mat, pakker ned, pakker opp, og sykler & sykler & sykler!!
    Varm klem fra tante Liv

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *