Hopp til innhold

Mot Vestlandet

I dag starta me tidlegare ein dei forrige dagane, og var på vegen kl. 9. Etter å ha sykla forbi jordbrukslandskap, skog og mykje opp og ned, kom me til fylkesgrensa til Møre og Romsdal. Her forandra landskapet seg også brått. Dette har nok samanheng med at me kom ut til kysten igjen. Trøndelag har stort sett vore ganske likt overalt, og me var blitt ganske lei av skog, dyrka mark og bratte bakkar. Dessverre kom også regnet med det nye fylket, men me er jo på Vestlandet no.

Rett før kl. 12 kom me til Aure. Me fekk verkeleg kjensla av å vere på Vestlandet då me fant ut at dagens middag på kafeen var raspeballar. Det er jo torsdag i dag. Det fekk heller bli tidleg middag, for raspeballane freista. Her var det sjølvforsyning, og til den prisen trur eg ikkje at dei skal ha så alt for mange sultne syklistar innom før dei vil slutte å tene pengar. Me vart i alle fall gode og mette.

Regnet hadde heldigvis slutta til me var ferdige med middagen. Dermed bar det vidare langs vakkert kystlandskap. I dag har me kryssa fleire bruer med fint utsyn. Vidare tok me ferge frå Tømmervåg til Seivika. No har me tatt inn på Byskogen camping, 7 km frå Kristiansund. I morgon skal me sykle vidare på Atlanterhavsruta. Dette har me begge gleda oss til. Me håpar at været blir bra i morgon.

5 thoughts on “Mot Vestlandet

  1. Inger

    Velkommen til Vestlandet! Hørtes ut som et godt og velfortjent måltid dere hadde med raspeballer. Fortsatt god tur!

  2. Marta

    Det er imponerende hvordan dere sykler gjennom fylke etter fylke Veldig interessant slik dere skildrer de ulike egenartene til hver landsdel Ikke vanskelig å forstå at raspeballer (kumler) smakte dere godt Dersom Rogaland ligger i løypen deres er dere hjertelig velkommen til 2 oppreide senger og mat på bordet God tur videre!

  3. Liv Arnhild Søbye Beddari

    Virkelig gode beskrivelser av ‘livet på sykkeltur’!! Raspeballer til middag hørtes godt ut!💖

  4. Johanne

    Takk for hyggelige kommentarer! Kjekt med skikkelig bondekost innimellom, sjølv om det sikkert ikkje hadde vore dumt med ein middagskvil også etterpå.

    Tante Marta: Me skal følge kysten nedover, og kjem til å sykle gjennom Rogaland også. Takk for tilbud om mat og overnatting, me kjem gjerne på besøk dersom det passer. Det blir hyggelig å treffes!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *