Hopp til innhold

Over Stord og Bømlo

Det var deilig med ein ordentlig kviledag i går. Me fekk fyrst overnatte hos tante Inger og familien. Derfrå sykla me heile elleve kilometer til Skjold for å besøke Ragnhild og André. Veldig koselig begge stader.

I Bergen fekk eg endeleg skaffa meg eit regntrekk til hjelmen. Dette har eg ønska meg kvar gong det har regna kraftig, men gløymt igjen når det har blitt opphold. Det ser kanskje ikkje så vakkert ut, men forhåpentligvis er det slutt på vatn som renn nedover nakken og halsen. I butikken fekk me også bekrefta at me berre må leve med våte føtter, med mindre me kjøper vanntette sko. Gamasjer til å ha over sykkelskoa vil før eller seinare trekke vatn frå undersida, og då blir ein våt. Så då får me fortsette med dei skoovertrekka som me har.

I dag var det tidleg opp og tid for nok ein dag på sykkelen. Det starta med friskt driv ut av Bergen. Dette varte heilt til me kom til Fanafjellet. Nederst i bakken stod to bønder og jobba med eit gjerde. Då me sykla forbi høyrte med at ein av dei kommenterte at me hadde ein helsikkes bakke framfor oss. Og han hadde heilt rett! På 233 meter over havet tok heldigvis bakken slutt. Det bar raskt ned igjen, til ein voldsom uling frå bremsene til Tore. Det viste seg at belegget var slitt. Flaks at me hadde eit nytt par i reserve.

Deretter gjekk vegen vidare til Halhjem fergekai. Over på Stord sykla me på vestsida av øya. Dette var ein fin veg å sykle, med slake og fine bakkar. Vidare bar det over fleire bruer for å kome seg ut til Bømlo. Her var det fin utsikt. I tillegg var det brei og fin gang- og sykkelveg over alle bruene. Slik skulle det vore overalt.

På Bømlo haldt me på å sykle feil, ut til Mosterhamn. Heldigvis sjekka Tore tilfeldigvis GPSen slik at me fekk henta oss greit inn igjen. Over Bømlo var det veldig fint. Lite trafikk og fint kystlandskap å sjå på. Me fekk ikkje tatt så mange bilete fordi me ville rekke ei ferge. Me rakk ferga frå Langevåg til Buavåg med grei margin. Det starta å regne nokre kilometer før fergekaia, men me er veldig fornøgde med at været haldt seg fint så lenge.

No er me komt fram til hytta til tante Marta og familien. Fantastisk at me får lov til å låne denne av dei. I morgon er det meldt mykje regn. Då skal me prøve å få syklane med på kystbussen frå Haugesund. Det er forbode å sykle gjennom dei undersjøiske tunnelene. Før gjekk det ei ferge mellom Skudeneshavn og Stavanger, men denne er lagt ned. Dermed blir det buss. Derfrå skal me vidare til Sola og besøke tante Marta og familien. Det blir koselig!

5 kommentarer til “Over Stord og Bømlo

  1. Marta

    En levende og humoristisk beskrivelse av en imponerende etappe tilbakelagt! Utfra kart så har dere tatt et godt jafs av Vestlandskysten idag Veldig godt at regnet lot vente på seg for nå ser det ut som vi skal få litt igjen for alle soldagene Da passer det fint med litt transporthjelp neste etappe Forhåpentligvis vil dere få medvind inn mot Stavanger på flotte sykkelstier mot Sola Hjertelig velkommen og god tur!

  2. Ivar

    Flott innsats i dag også. Kan gå på motivasjonen løs når det er bakker som opp Fanafjellet. Tross slitasje på bremser har utstyret deres holdt veldig bra. Godt dere fikk oppleve kystlandskapet i brukbart vær. Veldig hyggelig å hilse på dere forleden dag. God tur videre. Blir trivelig for dere med innkvartering og overnatting på Sola.

  3. Inger

    Høres ut som en flott tur over Stord og Bømlo. Så bra du fikk trekk på hjelmen, Johanne! Det hjelper mye i regnvær. Kjekt dere kan legge inn strategiske overnattinger underveis. Vi koste oss her med live oppdatering av turen. Riktig god tur videre.

  4. Helen

    Godt dere fikk en dose med brukbart vær igjen - både regnvær og tøff oppstigning hadde sikkert gått på humøret løs... Krysser fingrene for at syklene holder til mål! Bra at dere kan holde teltet nedpakket nå når vestlandsværet har vendt tilbake til normalen. Håper dere kom dere greit på bussen. Hils gjengen på Sola!

  5. Liv arnhild søbye beddari

    En imponerende innsats dere har gjort...... og nå ser dere vel snart endemålet på turen💖
    Kos dere med familien, og god tur videre! Klem

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *