Hopp til innhold

13

No var endeleg dagen komen då me skulle sykle siste etappe til Lindesnes. Me hadde kun tre mil igjen, og valgte difor å sove lenge. Det var litt vemodig å pakke teltet og vite at dette vart siste dagen med sykling.

Me forlot campingplassen i Lyngdal og sykla mot Spangereid. Det starta ganske brutalt med ein lang og bratt oppoverbakke. Gårsdagen kjentes godt i beina. Dermed måtte eg av og trille sykkelen i dei to verste bakkane. Det gjekk heldigvis litt betre etterkvart som eg kom skikkelig i gang.

På Spangereid stoppa me ved Spangereidkanalen for å spise lunsj. Dette er ein kanal som gjer at båtane ikkje må gå rundt Lindesnes.

Herfrå var det kun sjarmøretappen på vel ei mil igjen. Ute ved Lindesnes vart me møtt av ein av dei som jobba der. Han lurte på om me kom frå Nordkapp. Dette kunne me bekrefte. Dermed ringte han til fyrvoktaren. Han kunne ta i mot oss ved fyrvoktarboligen. Der fekk me skrive ei helsing i ei gjestebok for alle som kom dit etter å ha sykla eller gått frå Nordkapp. Han tok også bilete av oss for å lime inn i boka.

Snart kom Marianne køyrande frå Egersund for å hente oss. Og dermed er dessverre turen slutt. Totalt vart det 2982 kilometer og fem veker på sykkelen. Me har hatt ein fantastisk tur full av inntrykk og opplevelser. Denne turen vil me absolutt anbefale. Sjølvsagt har det vore stundar der me har vore trøytte, slitne i beina, våte og kalde, men dei positive stundene har vore i desidert fleirtal. Me har vore utruleg heldige med været, og kunne ikkje drøymt om ein betre tur. Tusen takk til alle som har åpna hus og heim, heia på oss undervegs og fulgt oss på bloggen! Det setter me veldig pris på!

3

I går var me litt usikre på kor langt me ville kome. Me har tidlegare sykla frå Oslo til Egersund. Då sykla me same strekning som me starta på i går, men motsatt veg. Me hugsa begge dette som eit ganske slitsomt stykke.

Frå Egersund sykla me fyrst til Sokndal. Her skulle fjella starte. Difor kjøpte me kvar vår softis for å mote oss opp. Fyrst skulle me over frå Sokndal til Jøssingfjord. Her var det grei stigning, men plutselig var me på toppen. Me var jo ikkje blitt sveitte ein gong! Dette lova bra for resten av etappen. Ned bakken kunne me sykle i dei gamle tunnelene som ikkje er i bruk av bilane meir. Kjekt med eigne tunneler for syklister. Nede ved fjorden passerte me Helleren. Dette er ein stor hellar med hus under. Dei ligg slik at dei aldri vil bli truffe av regn.

Frå Jøssingfjorden skulle me over neste fjell, til Åna Sira. Her var det ein lang og svingete oppstigning. Denne gongen vart me ganske sveitte, men plutselig var me på toppen her også. Då hadde me sykla frå havnivå og 250 meter opp på nokre få kilometer. Fin utsikt utover og stilig landskap.

Frå Åna Sira bar det oppover med ein gong. No skulle me over til Flekkefjord. I Flekkefjord vart det pizza på restaurant. Planen var eigentlig å avslutte i Flekkefjord, men klokka var ikkje meir enn 17 og beina kjentes bra ut hos begge.

Frå Flekkefjord venta eit stykke langs E39. Heldigvis er det tilrettelagt for syklister på nokre grusvegar som går parallelt. Det er likevel ganske dårlig å sykle der, med laus grus, humpete, og så bratte bakker at ein må trille sykkelen store deler av vegen. I tillegg må ein også ut på E39 to gonger. Her skulle det absolutt vore gang- og sykkelveg.

Frå E39 tok me av på ein freda vegstrekning. Det stod ingen informasjonsskilt om kva dette betydde, men me trur det vil seie at vegvesenet ikkje treng vedlikehalde vegen meir. Basert på vegstandarden føltes det i alle fall slik ut.

Denne vegen kjem ut ved Feda. Her kan bilane på E39 køyre inn i ein tunnel, vidare over ei bru og til slutt inn i ein ny tunnel. Dette er forbode for syklistar. Det vil seie at me må rundt eit fjell, inn ein fjord og over eit nytt fjell.

Innerst i fjorden ligg Kvinesdal. Då me kom dit byrja det så vidt å mørkne. Me følte oss framleis ganske pigge i beina, så me bestemte oss for å ta fatt på nok ein stigning, denne gong for å kome over til Lyngdal. Der såg me oss ut ein campingplass. Me ringte, og det var heilt greit at me kom seint og fant oss ein plass til teltet.

To kilometer før campingplassen, punkterte Tore. Veldig kjedelig. Dermed kunne me ikkje krype i soveposen før midnatt. Gårsdagens etappe vart turen lengste med 137 kilometer, og også den med flest høgdemeter klatring, 2141 meter. No har me omlag 3 mil igjen til målet på Lindesnes.

5

Det var deilig med ein ordentlig kviledag i går. Me fekk fyrst overnatte hos tante Inger og familien. Derfrå sykla me heile elleve kilometer til Skjold for å besøke Ragnhild og André. Veldig koselig begge stader.

I Bergen fekk eg endeleg skaffa meg eit regntrekk til hjelmen. Dette har eg ønska meg kvar gong det har regna kraftig, men gløymt igjen når det har blitt opphold. Det ser kanskje ikkje så vakkert ut, men forhåpentligvis er det slutt på vatn som renn nedover nakken og halsen. I butikken fekk me også bekrefta at me berre må leve med våte føtter, med mindre me kjøper vanntette sko. Gamasjer til å ha over sykkelskoa vil før eller seinare trekke vatn frå undersida, og då blir ein våt. Så då får me fortsette med dei skoovertrekka som me har.

I dag var det tidleg opp og tid for nok ein dag på sykkelen. Det starta med friskt driv ut av Bergen. Dette varte heilt til me kom til Fanafjellet. Nederst i bakken stod to bønder og jobba med eit gjerde. Då me sykla forbi høyrte med at ein av dei kommenterte at me hadde ein helsikkes bakke framfor oss. Og han hadde heilt rett! På 233 meter over havet tok heldigvis bakken slutt. Det bar raskt ned igjen, til ein voldsom uling frå bremsene til Tore. Det viste seg at belegget var slitt. Flaks at me hadde eit nytt par i reserve.

Deretter gjekk vegen vidare til Halhjem fergekai. Over på Stord sykla me på vestsida av øya. Dette var ein fin veg å sykle, med slake og fine bakkar. Vidare bar det over fleire bruer for å kome seg ut til Bømlo. Her var det fin utsikt. I tillegg var det brei og fin gang- og sykkelveg over alle bruene. Slik skulle det vore overalt.

På Bømlo haldt me på å sykle feil, ut til Mosterhamn. Heldigvis sjekka Tore tilfeldigvis GPSen slik at me fekk henta oss greit inn igjen. Over Bømlo var det veldig fint. Lite trafikk og fint kystlandskap å sjå på. Me fekk ikkje tatt så mange bilete fordi me ville rekke ei ferge. Me rakk ferga frå Langevåg til Buavåg med grei margin. Det starta å regne nokre kilometer før fergekaia, men me er veldig fornøgde med at været haldt seg fint så lenge.

No er me komt fram til hytta til tante Marta og familien. Fantastisk at me får lov til å låne denne av dei. I morgon er det meldt mykje regn. Då skal me prøve å få syklane med på kystbussen frå Haugesund. Det er forbode å sykle gjennom dei undersjøiske tunnelene. Før gjekk det ei ferge mellom Skudeneshavn og Stavanger, men denne er lagt ned. Dermed blir det buss. Derfrå skal me vidare til Sola og besøke tante Marta og familien. Det blir koselig!

6

I går vakna med opp på fergekaia i Hamnsund. Den fyrste båten vidare gjekk ikkje før 11.25. Dermed vart det ein rolig morgon. Då me kom til fergekaia kvelden før, traff me ei dame som lurte på kva me såg etter. Me fortalte at me skulle ta båten vidare og var på jakt etter teltplass. Ho sa at det var sonen hennar som eigde jordet ved kaia og at me berre måtte sette opp teltet der. Det einaste me måtte vere obs på var flått. Og flått var det nok av! Om morgonen kunne me telle 67 stykker som hadde satt seg på myggnettinga i teltet.

Det fyrste me gjorde i går var å ta hurtigbåt frå Hamnsund til Hareid. Herfrå bar det vidare forbi Ulsteinvik og over Gurskøy. Det me såg av landskapet var veldig fint. Fjell og fjordar. Dessverre var det lågt skydekke og regn, så det vart kun enkelte glimt innimellom.

Vidare tok me ferge frå Årvik til Koparnes. Her kom me i snakk med billettøren på ferga. Han var imponert over turen vår og syns at me har gjort eit godt stykke arbeid. Dermed spanderte han på oss ei svele også. Veldig hyggelig.

Denne dagen har stort sett alle måltid og pauser blitt gjennomført i busskur. Middagen bestod av laksepasta frå Fjordland. Kjekt med ein enkel middag når været er slik.

Frå Koparnes sykla me til Selje. No er me i Sogn og Fjordane. Planen var eigentlig å sykle ut til Måløy, men me droppa det sidan det var så grått. Dermed kunne me også ta morgonbåten frå Selje kl 06.50. No sitter me på hurtigbåt på veg til Krakhella. Det nærmer seg faktisk Bergen. Kanskje er me der allereie i morgon?

5

I går vart det sykling til langt på kveld, så dermed vart det ingen blogg før no. Dagen starta surt med regn. For å unngå søkkvått telt seinare, valgte me å pakke innerteltet for seg.

Etter å ha sykla få kilometer, punkterte eg. Dermed vart det stopp for å skifte slange. Heldigvis hadde regnet gitt seg. Vidare sykla me retning Kristiansund og fant busstoppet utanfor Atlanterhavstunnelen. Her måtte me ringe fylkeskommunen for å bli henta av taxi. Det er forbudt å sykle gjennom tunnelen, men det er oppretta eit tilbod slik at ein betaler ein liten sum for å få skyss gjennom. I følge skiltet var det maks ein times venting. Etter å ha venta over ein time, ringte me opp igjen. Det viste seg at dei sleit med å finne sykkelstativ til taxien! Heldigvis dukka det snart opp ein bil, men ein del bortkasta tid.

Frå Atlanterhavstunnelen var ruta godt skilta. Me sykla på sørsida av Averøy. Deretter var det vidare på Atlanterhavsvegen. Stilig landskap, men dessverre var det ganske grått. Likevel, mange fine bruer og fint å sykle nesten heilt ute i havgapet. Her fulgte me Atlanterhavsvegen og kysten heilt til Bud.

Frå Bud sykla me endå ei mil før me klarte å finne ein plass å overnatte. Det regna og byrja å bli mørkt. I tillegg var det berre jordbruk langs vegen, så me leita ein stund før me fant noko. Til slutt tok me av langs ein tursti og fulgte den innover. Her dukka det opp ein stor og fin gapahuk. I følge oppslaget på veggen var denne til fri bruk. Me fekk akkurat plass til å ligge på den eine benken der. Dermed slapp me også å slå opp teltet. Vidare kan det meldes om eit nytt dyreinnslag på turen: grevling. Me såg også ganske mange hjort.

I dag har me fortsatt vidare langs kysten. Frå Hollingen tok me ferga over til Aukra. Ei veldig fin øy å sykle over. No er me på veg vidare til neste øy, Finnøya. Dessverre har det vore ganske grått i dag også. Og det er meldt endå meir regn i morgon.

5

I dag starta me tidlegare ein dei forrige dagane, og var på vegen kl. 9. Etter å ha sykla forbi jordbrukslandskap, skog og mykje opp og ned, kom me til fylkesgrensa til Møre og Romsdal. Her forandra landskapet seg også brått. Dette har nok samanheng med at me kom ut til kysten igjen. Trøndelag har stort sett vore ganske likt overalt, og me var blitt ganske lei av skog, dyrka mark og bratte bakkar. Dessverre kom også regnet med det nye fylket, men me er jo på Vestlandet no.

Rett før kl. 12 kom me til Aure. Me fekk verkeleg kjensla av å vere på Vestlandet då me fant ut at dagens middag på kafeen var raspeballar. Det er jo torsdag i dag. Det fekk heller bli tidleg middag, for raspeballane freista. Her var det sjølvforsyning, og til den prisen trur eg ikkje at dei skal ha så alt for mange sultne syklistar innom før dei vil slutte å tene pengar. Me vart i alle fall gode og mette.

Regnet hadde heldigvis slutta til me var ferdige med middagen. Dermed bar det vidare langs vakkert kystlandskap. I dag har me kryssa fleire bruer med fint utsyn. Vidare tok me ferge frå Tømmervåg til Seivika. No har me tatt inn på Byskogen camping, 7 km frå Kristiansund. I morgon skal me sykle vidare på Atlanterhavsruta. Dette har me begge gleda oss til. Me håpar at været blir bra i morgon.

6

Dagen i dag starta tidleg med nokre regndråpar på teltduken. Heldigvis kom det ikkje meir regn, og me kunne sykle vidare i shorts og T-skjorte. Fyrste del av etappen, frå Markabygda retning Stjørdal, gjekk på ein trivelig grusveg. Her var det mykje stigning, men også fin utsikt. I tillegg såg me både hare og mus. Denne grusvegen er tydlegvis den einaste måten å kome seg frå Levanger til Stjørdal om ein vil unngå E6. Her burde dei absolutt laga gang- og sykkelveg, for dette var ein lang omveg.

Rett før Stjørdal rauk ei eike i bakhjulet mitt. Veldig kjedelig! Sidan det er søndag er ingenting opent. Alternativa var anten å bli verande i Stjørdal til i morgon, eller å sykle vidare. Me valgte det siste. Heldigvis går det framleis bra, men sykkelen rullar litt dårlegare.

På veg ut av Stjørdal flaug ein veps rett inn i handa til Tore. Dette skjedde i fart og Tore fekk eit stikk på langefingaren. Det var ganske vondt, og skikkelig uflaks.

Vidare sykla me gjennom Hell. Får satse på at me unngår fleire uhell vidare.

No har me komt til Duddelibu (DB). Dette er hytta til Trondheim studentspeidergruppe. Denne ligg på Selbuhøgda. Dette er ein omveg på 2 mill og 400 høgdemeter, men absolutt verdt det. Det var koselig å sjå DB igjen. Her har me vore mykje under studietida. Planen er å ta ein kviledag og bli her to netter.

Blåbæra rundt hytta er modne. Dermed vart det pannekaker med bacon og kortreiste blåbær til middag. Snadder! No ventar me på at badstua skal bli varm. Det blir godt med ein dag utan sykling i morgon.

4

I dag har me hatt ein utrulig varm dag. Det har faktisk vore så varmt at me ikkje orka å sykle særleg langt. Etter berre fem mill tok me inn på Holmset campingplass for å kunne dusje og kjøle oss ned.

Før me kom så langt hadde me ein lang lunsjpause i Namsos. Me hadde også ein lang stopp i eit busskur for å få litt skygge. I morgon er det meldt endå varmere. I kveld får me prøve å kome oss tidleg i seng, slik at me kan starte å sykle før det blir alt for varmt.

Her på campingplassen benytter me også moglegheita til å vaske klær. Tore var ein tur på butikken og kom tilbake med indrefilet av svin, poteter, grønnsaker, bernaise-saus og øl. Han kjøpte også jordbær og fløte. Det er fint å kunne lage mat på eit skikkelig kjøkken her.

Elles kan det nemnes at i går vart det observert bjørn på andre sida av elva frå campingplassen. Me vart advart av campingplasseigaren før me betale, og han lurte på om me framleis ville slå opp telt. Det hadde vore skikkelig stilig om bamsefar hadde dukka opp i kveld også, men sjansen er nok liten for det.

2

Innlegget vart skrive i går kveld, men på grunn av manglande dekning fekk eg ikkje posta før no.

I dag har me sykla i shorts og T-skjorte heile dagen. Endelig er finværet tilbake.

Dagen starta med ein omveg på 12 km. Det hadde gått eit ras i april over vegen mellom Kjelleidet og Kolvereid. Vegen var framleis stengt, men det var heldigvis godt skilta. Det som ikkje var like kjekt var at me måtte opp eit parti med 10% stigning. Ganske varmt og slitsomt.

Vidare passerte me grensa til Trøndelag fylke. I følge kartet vårt skulle me inn i Nord-trøndelag. Men skiltet sa Trøndelag, så dermed har me eit utdatert kart. Eg håpar at det ikkje er andre ting som er endra også. I tillegg kan me også noterte oss at me er komt inn i eit fylke der ingen av oss har vore tidlegare.

I Kolvereid hadde me ein lang og god lunsjpause. Me koste oss også med turens fyrste softis. Då me sjekka fergetidene, såg me at det var mogleg å rekke neste ferge dersom me skunda oss. Dermed måtte Tore springe inn på butikken og kjøpe middag i ein fei. Det vart ein ferdigrett frå Toro. Me får satse på at det smakar ekstra godt når me varmer plasten i vatnbad av saltvatn.

Me rakk ferga frå Hofles til Lund med god margin. Over på andre sida byrja me å snakke om at no som me er i Trøndelag kan me risikere å støte på hoggorm. Etter ein halvtimes sykling dukka det opp ein stor, død hoggorm i vegkanten.

Dagens etappe har vore ganske kupert, med mykje opp og ned. Det har likevel vore veldig fint å sykle her. Me merker at me har blitt ganske vant til syklinga, og at det går heilt fint med ein del bakkar. No har me slått opp teltet ved ein rasteplass ca 25 km før Namsos.

6

I dag har me hatt uflaks som far pleier å kalle det (eller vore uoppmerksome som me andre pleier å seie). Me klarte rett å slett å gå på feil ferge på Nesna fergekai! Me skulle ta ferga over til Levang, men endte altså opp på Vikholmen. Det var heldigvis ein ganske kort fergetur, men mannskapet skulle ha kvilepause, så neste ferge tilbake gjekk ikkje før om to timar. Eg trur dei syntes synd på oss, for dei sa at me kunne få ta ferga gratis begge veger. Vikholmen er ein idyllisk holme med ein liten matbutikk der dei heldigvis sel is. Tilbake på riktig fergekai traff me ei anna dame som hadde gjort det same dagen før, så me er heldigvis ikke åleine.

Tilslutt kom me oss på riktig ferge. Etter å ha sykla ein stund dukka det opp ein elg i vegkanten. Han stoppa, såg seg til begge sider, og byrja å krysse vegen. Tydelegvis var det ikkje så farleg at me kom syklande, me måtte berre finne oss i å bremse. Han innsåg vel, som oss, at det var han som ville kome sigrande ut av ein kollisjon.

I Sandnessjøen fant me ut at det freista med middag innandørs i dag. Dermed vart det pizza på restaurant.

Då me forlot Sandnessjøen, hølja det. Etter nokre få kilometer byrja me å sykle langs dei sju søstre. Me klarte berre å telje seks, og lurte veldig på kor nummer sju var. Då me hadde sykla ei stund såg me at det som me trudde var eitt fjell, faktisk var to. Dermed var det mysteriet laust, og me kan konstatere at det faktisk er sju. Brått stoppa også regnet, slik at me kunne ta bilete.

Undervegs stoppa gang- og sykkelvegen brått. Men den var framleis skilta. Eg håpar at me blir tilgitt for å velge vegbana her.

Resten av etappen gjekk i fin kveldssol. Her var det innslag av både rådyr og lama. No har me slått opp teltet to kilometer frå Tjøtta fergekai.