Hopp til innhold

Langs Porsangerfjorden

No har me slått leir midt mellom Olderfjord og Skaidi. Her er det heldigvis litt dekning, slik at eg kan høyre VM-semifinalen på radio. Dagen i dag har vore veldig fin. Me har hatt periodar med blå himmel og strålande sol, og eg måtte av med dei lause beina. Det var fantastisk å sykle innover langs Porsangerfjorden. Eit ganske stilig landskap som eg ikkje har sett før. Ikkje eit einaste tre, så det føltes som å vere på Hardangervidda. Men med fjorden i tillegg, og mange små, koselige viker. Og reinsdyr overalt.

Rett etter at Tore hadde publisert bloggen i går, kom ein reportar frå NRK og avbraut oss i middagen. Han hadde sett syklane våre og lurte på om me hadde vore på Nordkapp. Me bekrefta det, og han spurte oss om det passa med ein prat etter at me hadde åte ferdig. Det viste seg at han jobba med eit fotoprosjekt om folk som sykla til Nordkapp, så me vart både intervjua og tatt bilete av. Han skal sende oss bileta når dei er klare. Spanande, ikkje kvar dag ein vert intervjua av NRK!

Vidare sykla me gjennom Nordkapptunnelen før me la oss i går. Det var ganske interessant,og veldig slitsomt. Denne tunnelen er omlag 6,9 km lang, der lågaste punkt er 212 meter under havet. Fyrst var det 4 km nedoverbakke, som verka som om den aldri slutta. Deretter var det 3 km motbakke, med 9 % stigning. Iskaldt på veg ned, svett og slitsomt på veg opp. Me var glade for at me gjorde oss ferdige med den i går. Deretter slo me opp teltet på fyrste og beste plass etter tunnelen.

Fyrste og beste teltplass etter Nordkapptunnelen!

Omlag ei mil før Olderfjord rauk ei eike på sykkelen til Tore. Kjedelig! Heldigvis ser det ut som om det går greit å sykle på hjulet. Neste sportsbutikk er ikkje før i Alta, og me har nesten ti mil igjen før me er der. Me tenker uansett å prøve å sykle så langt det går, men i verste fall får me ta bussen. Håper at me ikkje må gjere det.

5 thoughts on “Langs Porsangerfjorden

  1. Helen

    Imponerende innsats!! Sikkert utrolig flott. Men å sykle i tunnel hørtes fælt ut!
    God tur videre, begge to!
    Klem

  2. Marta

    Spennende å følge dere Kjørte selv buss langs Porsangerfjorden i fjor så vet den er dryg og fantastisk natur God tur sørover Vi følger dere klem t Marta & o Hans Jacob

  3. Marianne

    Den tunnelturen hørtes ikke kjekk ut! Synd med skaden på sykkelen av Tore, håper det går fint videre. Fin utsikt fra teltet 👌⛺️

  4. Tore

    Marianne og Helen: Sykling i tunnelen gikk heldigvis fint. Det var nesten ikke trafikk fordi vi syklet seint på kvelden. Vi hadde også refleksvest, ørepropper og kraftige lykter. Men det var langt ned (og opp igjen)!

    Marta: Takk! Det var veldig flott langs Porsangerfjorden. Spennende geologi.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *