Hopp til innhold

Frå Bodø til Kjellingstraumen

Dagen i dag starta tidleg. Me skulle rekke fyrste ferge frå Moskenes til Bodø klokka sju. På veg til fergekaia letta ei havørn berre ti meter framfor oss. Eit mektig syn!

I Bodø traff eg ein av mine heltar frå barndommen, Pelle Politibil. Her kom me også over litt forvirrande skilting der gang- og sykkelvegen var stengt: “Følg gamle riksvei.“ Det er kanskje greit for dei som er kjent, men ikkje for oss turistar. Så det vart litt sykling på det som tydlegvis er den nye riksvegen. Ellers var det fin gang- og sykkelveg langt ut av Bodø.

Etter å ha sykla ei stund høyrde me voldsom torden og såg fleire lyn. Det var veldig grått framfor oss og kraftig vind. Me kjente også eit par regndrypp, men heldigvis kom det aldri noko skikkelig regn. Flaks.

Rett før me kom til Saltstraumen såg me noko stort og brunt i eit buskas ved vegen. Eg skjønte ikkje kva det kunne vere før det plutselig lea på seg. Det var ein diger elg. Og ikkje berre ein, men etterkvart som me kom nærmare var det tre store dyr der, ei ku og to kalvar. Dei såg på oss ganske lenge, men dessverre ikkje lenge nok til at Tore fekk tatt eit bilete.

I Saltstraumen er det fire tidspunkt i løpet av eit døgn der det er mest aktivitet. Me var så heldige at dette skjedde medan me hadde lunsjpause der. Heilt tilfeldig, men ganske artig.

Vidare var ikkje landskapet så veldig spennande. Det var mykje opp og ned, og ganske slitsomt å sykle. I tillegg var det stort sett berre skog, så me kunne i teorien ha sykla kor som helst i landet. Difor valgte me å ta ein litt kortare etappe, og legge oss inn på ein campingplass som dukka opp, Kjellingstraumen camping. Deilig med vaskemaskin og ein rolig kveld. Me traff på eit par lokalkjende syklistar, og dei meiner at morgondagens etappe er veldig flott. Så det er berre å glede seg.

4 kommentarer til “Frå Bodø til Kjellingstraumen

  1. Marta

    Tusen takk for en flott beskrivelse fra dagens etappe En fryd å lese og syntes som om vi nesten er med på turen selv Tydeligvis at natur og dyreliv endrer seg der dere nå suser avgårde Dere får oppleve mye av det vårt flotte land har å by på God tur videre

  2. Ivar

    Å reise på sykkeltur er måten å få et utall av varierte opplevelser på. Eg synes det er en strålende reiseskildring dere publiserer. Som nevnt sist, absolutt et av dagens høgdepunkt. Gratulerer med passerte 1000 km. God tur videre.

  3. Inger

    Her var det mange morsomme og uventede opplevelser! Som syklister kommer dere tett på det som skjer, bokstavelig talt! Veldig artig å følge bloggen. Takk begge for fyldige beskrivelser og igjen flotte bilder!

  4. Johanne

    Tusen takk for hyggelige kommentarer! Fordelen med å sykle er at ein får god tid til å sjå seg rundt. Samtidig kan ein stoppe akkurat der ein vil.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *