Hopp til innhold

Opp og ned og opp og ned

I går var me litt usikre på kor langt me ville kome. Me har tidlegare sykla frå Oslo til Egersund. Då sykla me same strekning som me starta på i går, men motsatt veg. Me hugsa begge dette som eit ganske slitsomt stykke.

Frå Egersund sykla me fyrst til Sokndal. Her skulle fjella starte. Difor kjøpte me kvar vår softis for å mote oss opp. Fyrst skulle me over frå Sokndal til Jøssingfjord. Her var det grei stigning, men plutselig var me på toppen. Me var jo ikkje blitt sveitte ein gong! Dette lova bra for resten av etappen. Ned bakken kunne me sykle i dei gamle tunnelene som ikkje er i bruk av bilane meir. Kjekt med eigne tunneler for syklister. Nede ved fjorden passerte me Helleren. Dette er ein stor hellar med hus under. Dei ligg slik at dei aldri vil bli truffe av regn.

Frå Jøssingfjorden skulle me over neste fjell, til Åna Sira. Her var det ein lang og svingete oppstigning. Denne gongen vart me ganske sveitte, men plutselig var me på toppen her også. Då hadde me sykla frå havnivå og 250 meter opp på nokre få kilometer. Fin utsikt utover og stilig landskap.

Frå Åna Sira bar det oppover med ein gong. No skulle me over til Flekkefjord. I Flekkefjord vart det pizza på restaurant. Planen var eigentlig å avslutte i Flekkefjord, men klokka var ikkje meir enn 17 og beina kjentes bra ut hos begge.

Frå Flekkefjord venta eit stykke langs E39. Heldigvis er det tilrettelagt for syklister på nokre grusvegar som går parallelt. Det er likevel ganske dårlig å sykle der, med laus grus, humpete, og så bratte bakker at ein må trille sykkelen store deler av vegen. I tillegg må ein også ut på E39 to gonger. Her skulle det absolutt vore gang- og sykkelveg.

Frå E39 tok me av på ein freda vegstrekning. Det stod ingen informasjonsskilt om kva dette betydde, men me trur det vil seie at vegvesenet ikkje treng vedlikehalde vegen meir. Basert på vegstandarden føltes det i alle fall slik ut.

Denne vegen kjem ut ved Feda. Her kan bilane på E39 køyre inn i ein tunnel, vidare over ei bru og til slutt inn i ein ny tunnel. Dette er forbode for syklistar. Det vil seie at me må rundt eit fjell, inn ein fjord og over eit nytt fjell.

Innerst i fjorden ligg Kvinesdal. Då me kom dit byrja det så vidt å mørkne. Me følte oss framleis ganske pigge i beina, så me bestemte oss for å ta fatt på nok ein stigning, denne gong for å kome over til Lyngdal. Der såg me oss ut ein campingplass. Me ringte, og det var heilt greit at me kom seint og fant oss ein plass til teltet.

To kilometer før campingplassen, punkterte Tore. Veldig kjedelig. Dermed kunne me ikkje krype i soveposen før midnatt. Gårsdagens etappe vart turen lengste med 137 kilometer, og også den med flest høgdemeter klatring, 2141 meter. No har me omlag 3 mil igjen til målet på Lindesnes.

3 kommentarer til “Opp og ned og opp og ned

  1. Helen

    Jammen går det unna med dere - så og si framme ved reisens mål!
    Det er så koselig å lese det dere skriver og se de flotte bildene - mange humoristiske formuleringer! - Jeg unner dere virkelig å komme til vegs ende, men dagen blir ikke den samme uten bloggen deres! Det har vært utrolig kjekt å følge med på turen; fra sofakroken...
    Riktig god tur på siste etappe!!1

  2. Inger

    Det har vært utrolig gøy å følge dere på reisen gjennom landet. Mange flotte bilder, artige opplevelser og gode beskrivelser av veier og landskap sett fra sykkelsetet. Nesten i mål!

  3. Liv Arnhild Søbye Beddari

    Flotte beskrivelser & bilder hele veien!💖
    - Jeg finner vel egentlig ikke ord for deres prestasjon!
    Hatten av for dere!
    Takk for en flott blogg, Johanne & Tore 💖

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *