Hopp til innhold

6

I dag hadde me vekkerklokka på 07:00 for å rekke ferga frå Jektvika til Kilboghamn. Men då me vakna, dundra regnet mot teltet. Det hølja! I følge Yr skulle det klarne opp litt seinare, så me la oss til å sove igjen. Men då me vakna to timar seinare, regna det framleis ute. Og no var det ingen bøn. På med regnkleda og opp på sykkelen. Heldigvis hadde det verste regnet gitt seg, slik at det var mest duskregn.

Me sykla i regnkleda heilt fram til ferga. Dette var omlag 25 km frå der me hadde campa. Ombord på ferga var det fint å sitte inne og sjå på regnet ute. Undervegs kryssa me også polarsirkelen. No vil det etterkvart bli mørkt om nettene. Litt synd, eigentlig. Eg trivdes godt med lyse netter. Sove klarer ein uansett. Fordelane med at det er lyst er at det er veldig greit å finne ting i teltet om ein vaknar på natta, samt at me kan sykle så lenge me vil og sjå like godt.

Etter ferga letta været og me kunne kaste regnkleda. Vidare sykla me i fint landskap langs ein fjord. Her er alle fjella utan vegetasjon, så det er grått og skinnande overalt. Ulikt frå det me har sett før.

Dagens etappe har vore ganske kupert. Me har sykla over 1000 høgdemeter til saman. No har me slått opp teltet på ca 300 moh. Her lagde me god middag, ein gryterett av lammefilet, sjalottløk, sjampinjong, paprika, brokkoli, hakka tomater og rømme. Snadder! I morgon ventar nok ei ferge, men denne gongen droppar me vekkerklokka.

4

Dagen i dag starta tidleg. Me skulle rekke fyrste ferge frå Moskenes til Bodø klokka sju. På veg til fergekaia letta ei havørn berre ti meter framfor oss. Eit mektig syn!

I Bodø traff eg ein av mine heltar frå barndommen, Pelle Politibil. Her kom me også over litt forvirrande skilting der gang- og sykkelvegen var stengt: “Følg gamle riksvei.“ Det er kanskje greit for dei som er kjent, men ikkje for oss turistar. Så det vart litt sykling på det som tydlegvis er den nye riksvegen. Ellers var det fin gang- og sykkelveg langt ut av Bodø.

Etter å ha sykla ei stund høyrde me voldsom torden og såg fleire lyn. Det var veldig grått framfor oss og kraftig vind. Me kjente også eit par regndrypp, men heldigvis kom det aldri noko skikkelig regn. Flaks.

Rett før me kom til Saltstraumen såg me noko stort og brunt i eit buskas ved vegen. Eg skjønte ikkje kva det kunne vere før det plutselig lea på seg. Det var ein diger elg. Og ikkje berre ein, men etterkvart som me kom nærmare var det tre store dyr der, ei ku og to kalvar. Dei såg på oss ganske lenge, men dessverre ikkje lenge nok til at Tore fekk tatt eit bilete.

I Saltstraumen er det fire tidspunkt i løpet av eit døgn der det er mest aktivitet. Me var så heldige at dette skjedde medan me hadde lunsjpause der. Heilt tilfeldig, men ganske artig.

Vidare var ikkje landskapet så veldig spennande. Det var mykje opp og ned, og ganske slitsomt å sykle. I tillegg var det stort sett berre skog, så me kunne i teorien ha sykla kor som helst i landet. Difor valgte me å ta ein litt kortare etappe, og legge oss inn på ein campingplass som dukka opp, Kjellingstraumen camping. Deilig med vaskemaskin og ein rolig kveld. Me traff på eit par lokalkjende syklistar, og dei meiner at morgondagens etappe er veldig flott. Så det er berre å glede seg.

9

I går vart det ingen blogg fordi me sykla til langt på kveld. I dag hadde vekkerklokka på 5:30 for å rekke fyrste ferge til Bodø.

Gårsdagens etappe gjekk gjennom resten av Lofoten. Me slo opp teltet to kilometer før fergekaia i Moskenes.

Dagen starta med eit stykke langs E10. Her var det mykje trafikk. Dei fleste køyrer fint, men spesielt her var det nokre stygge forbikøyringar. Ikkje ein kjekk plass å sykle, men når det berre går ein veg, er det ikkje så lett å unngå. Heldigvis kunne me etterkvart svinge av på 815 og følge den heile vegen til Leknes. Dette var noko heilt anna, med lite trafikk og fin utsikt. Her fant me også ein hyggelig kafé med pizza og is.

Etter Leknes fortsatte me utover på E10. Her var det heldigvis mindre trafikk enn før på dagen. Landskapet vart også finare jo lengre ut me kom. Heilt ytterst kom me til dei små fiskeværa ein forbinder med Lofoten. Stilig å sjå alle stativa til tørrfisk og kjenne den karakteristiske fiskeklukta.

Dette var ein fin etappe med strålende sol heile vegen. Trur dette har vore den varmaste dagen til no. Me kunne stort sett sykle i T-skjorte heile dagen. I tillegg passerte me 1000 sykla kilometer totalt på turen. Så då er me snart ein tredjedel på veg.

6

I går fortsatte me å sykle etter at me kom over til Andøya. Me hadde sykla meir enn halvvegs over øya før me valgte å sette opp teltet. Her fant me ein teltplass heilt uti havgapet. Veldig fint!

Før leggetid rakk me også ein spasertur for å sjå på ein heller som tidlegare var brukt som eit samisk offerplass, Bukkekjerka. Deretter gjekk me ut til eit fyr for å nyte kveldssola. Ein fantastisk dag.

Dagen i dag baud på ein litt kortare etappe. I dag har me sykla til Sortland. Her er me på besøk hos Daniel og Olga. Daniel er ein tidlegare kollega av Tore. Han har diska opp med middag og dessert. Me har fått vaska klær og skal få overnatte på gjesterommet. 

I tillegg tok han oss med på ein fin fjelltur til Steiraheia, 443 meter over havet. Ein fin tur med flott utsikt over Sortland. Tusen takk til Daniel og Olga for bevertning og hyggelig selskap.


5

I dag har me nok hatt turens flottaste etappe til no. Me har sykla langs yttersida av Senja til Gryllefjord. Dagen starta tidleg. Det går berre tre daglege ferger frå Gryllefjord, og me ville vere sikre på å rekke siste ferge kl 19.

Det var kokvarmt i teltet då me vakna. Blå himmel, strålende sol og omtrent vindstille. Slik har det vore heile dagen i dag. Ein skikkelig fin sommerdag.

Landskapet her er heilt fantastisk. Stupbratte fjell rett ned i fjorden. Klart og blågrønt vatn. Og ein smal veg som svinger seg langs kysten. Det er også ein del tunnelar. Heldigvis har nesten alle ein brytar for syklistar som gjer at det tennas eit gult, blinkande lys ved fareskiltet om syklist i tunnelen. Då føles det ganske trygt å sykle gjennom. Det var også lite trafikk. Alt i alt ein behagelig plass å sykle.

Me rakk ferga kl 15 frå Gryllefjord, så no er me på veg over til Andøya.

5

Me vakna opp til regn på teltduken, men heldigvis hadde det gitt seg til me stod opp. Deretter gjekk turen vidare til Storslett sin einaste sportsbutikk. Her fekk Tore kjøpt seg eit nytt sykkelsete, for han var ikkje heilt fornøgd med det han har hatt til no.

Vidare hadde me planlagt å ta ein rolig dag, så me sjekka om det fantes overnattingsmoglegheiter langs vegen vidare. Me fant eit billig rom berre 5 km frå Storslett. Dermed vart nok dette turens desidert korteste etappe, totalt 6 km med sykling i dag.

No har me vaska omtrent alle kleda våre og fått dusja. I tillegg har me kost oss med middag på kafé og skal sove i seng for fyrste gong på ei veke. Elles har me både vin, chips og dipp, så dette blir ein avslappande laurdagskveld foran tv-en.

5

No har me slått leir midt mellom Olderfjord og Skaidi. Her er det heldigvis litt dekning, slik at eg kan høyre VM-semifinalen på radio. Dagen i dag har vore veldig fin. Me har hatt periodar med blå himmel og strålande sol, og eg måtte av med dei lause beina. Det var fantastisk å sykle innover langs Porsangerfjorden. Eit ganske stilig landskap som eg ikkje har sett før. Ikkje eit einaste tre, så det føltes som å vere på Hardangervidda. Men med fjorden i tillegg, og mange små, koselige viker. Og reinsdyr overalt.

Rett etter at Tore hadde publisert bloggen i går, kom ein reportar frå NRK og avbraut oss i middagen. Han hadde sett syklane våre og lurte på om me hadde vore på Nordkapp. Me bekrefta det, og han spurte oss om det passa med ein prat etter at me hadde åte ferdig. Det viste seg at han jobba med eit fotoprosjekt om folk som sykla til Nordkapp, så me vart både intervjua og tatt bilete av. Han skal sende oss bileta når dei er klare. Spanande, ikkje kvar dag ein vert intervjua av NRK!

Vidare sykla me gjennom Nordkapptunnelen før me la oss i går. Det var ganske interessant,og veldig slitsomt. Denne tunnelen er omlag 6,9 km lang, der lågaste punkt er 212 meter under havet. Fyrst var det 4 km nedoverbakke, som verka som om den aldri slutta. Deretter var det 3 km motbakke, med 9 % stigning. Iskaldt på veg ned, svett og slitsomt på veg opp. Me var glade for at me gjorde oss ferdige med den i går. Deretter slo me opp teltet på fyrste og beste plass etter tunnelen.

Fyrste og beste teltplass etter Nordkapptunnelen!

Omlag ei mil før Olderfjord rauk ei eike på sykkelen til Tore. Kjedelig! Heldigvis ser det ut som om det går greit å sykle på hjulet. Neste sportsbutikk er ikkje før i Alta, og me har nesten ti mil igjen før me er der. Me tenker uansett å prøve å sykle så langt det går, men i verste fall får me ta bussen. Håper at me ikkje må gjere det.