Hopp til innhold

4

Dagen i dag starta tidleg. Me skulle rekke fyrste ferge frå Moskenes til Bodø klokka sju. På veg til fergekaia letta ei havørn berre ti meter framfor oss. Eit mektig syn!

I Bodø traff eg ein av mine heltar frå barndommen, Pelle Politibil. Her kom me også over litt forvirrande skilting der gang- og sykkelvegen var stengt: “Følg gamle riksvei.“ Det er kanskje greit for dei som er kjent, men ikkje for oss turistar. Så det vart litt sykling på det som tydlegvis er den nye riksvegen. Ellers var det fin gang- og sykkelveg langt ut av Bodø.

Etter å ha sykla ei stund høyrde me voldsom torden og såg fleire lyn. Det var veldig grått framfor oss og kraftig vind. Me kjente også eit par regndrypp, men heldigvis kom det aldri noko skikkelig regn. Flaks.

Rett før me kom til Saltstraumen såg me noko stort og brunt i eit buskas ved vegen. Eg skjønte ikkje kva det kunne vere før det plutselig lea på seg. Det var ein diger elg. Og ikkje berre ein, men etterkvart som me kom nærmare var det tre store dyr der, ei ku og to kalvar. Dei såg på oss ganske lenge, men dessverre ikkje lenge nok til at Tore fekk tatt eit bilete.

I Saltstraumen er det fire tidspunkt i løpet av eit døgn der det er mest aktivitet. Me var så heldige at dette skjedde medan me hadde lunsjpause der. Heilt tilfeldig, men ganske artig.

Vidare var ikkje landskapet så veldig spennande. Det var mykje opp og ned, og ganske slitsomt å sykle. I tillegg var det stort sett berre skog, så me kunne i teorien ha sykla kor som helst i landet. Difor valgte me å ta ein litt kortare etappe, og legge oss inn på ein campingplass som dukka opp, Kjellingstraumen camping. Deilig med vaskemaskin og ein rolig kveld. Me traff på eit par lokalkjende syklistar, og dei meiner at morgondagens etappe er veldig flott. Så det er berre å glede seg.

9

I går vart det ingen blogg fordi me sykla til langt på kveld. I dag hadde vekkerklokka på 5:30 for å rekke fyrste ferge til Bodø.

Gårsdagens etappe gjekk gjennom resten av Lofoten. Me slo opp teltet to kilometer før fergekaia i Moskenes.

Dagen starta med eit stykke langs E10. Her var det mykje trafikk. Dei fleste køyrer fint, men spesielt her var det nokre stygge forbikøyringar. Ikkje ein kjekk plass å sykle, men når det berre går ein veg, er det ikkje så lett å unngå. Heldigvis kunne me etterkvart svinge av på 815 og følge den heile vegen til Leknes. Dette var noko heilt anna, med lite trafikk og fin utsikt. Her fant me også ein hyggelig kafé med pizza og is.

Etter Leknes fortsatte me utover på E10. Her var det heldigvis mindre trafikk enn før på dagen. Landskapet vart også finare jo lengre ut me kom. Heilt ytterst kom me til dei små fiskeværa ein forbinder med Lofoten. Stilig å sjå alle stativa til tørrfisk og kjenne den karakteristiske fiskeklukta.

Dette var ein fin etappe med strålende sol heile vegen. Trur dette har vore den varmaste dagen til no. Me kunne stort sett sykle i T-skjorte heile dagen. I tillegg passerte me 1000 sykla kilometer totalt på turen. Så då er me snart ein tredjedel på veg.

3

Uthvilte og fornøyde syklet vi avgårde fra Sortland. Vi kom ikke engang til Stokmarknes før regnet kom. Så i dag har vi virkelig fått testet regntøyet.

Vi tok ferjen fra Melbu til Fiskebøl, og vips så var vi i Lofoten. Heldigvis stoppet regnet etterhvert. Sykkelveien tok en lang omvei på nordvestsiden av Austvågøya på vei mot Svolvær. Vi fikk sett noen spennende fjellformasjonen, men lavt skydekke reduserte sikten en del. Turen videre mot Svolvær og Kabelvåg gikk fint. Vi satte opp teltet ved en badestrand litt etter Kabelvåg.

Vært har lettet og det ser lovende ut for morgendagen. I dag har vi satt ny rekord: 124,3 km.

6

I går fortsatte me å sykle etter at me kom over til Andøya. Me hadde sykla meir enn halvvegs over øya før me valgte å sette opp teltet. Her fant me ein teltplass heilt uti havgapet. Veldig fint!

Før leggetid rakk me også ein spasertur for å sjå på ein heller som tidlegare var brukt som eit samisk offerplass, Bukkekjerka. Deretter gjekk me ut til eit fyr for å nyte kveldssola. Ein fantastisk dag.

Dagen i dag baud på ein litt kortare etappe. I dag har me sykla til Sortland. Her er me på besøk hos Daniel og Olga. Daniel er ein tidlegare kollega av Tore. Han har diska opp med middag og dessert. Me har fått vaska klær og skal få overnatte på gjesterommet. 

I tillegg tok han oss med på ein fin fjelltur til Steiraheia, 443 meter over havet. Ein fin tur med flott utsikt over Sortland. Tusen takk til Daniel og Olga for bevertning og hyggelig selskap.


5

I dag har me nok hatt turens flottaste etappe til no. Me har sykla langs yttersida av Senja til Gryllefjord. Dagen starta tidleg. Det går berre tre daglege ferger frå Gryllefjord, og me ville vere sikre på å rekke siste ferge kl 19.

Det var kokvarmt i teltet då me vakna. Blå himmel, strålende sol og omtrent vindstille. Slik har det vore heile dagen i dag. Ein skikkelig fin sommerdag.

Landskapet her er heilt fantastisk. Stupbratte fjell rett ned i fjorden. Klart og blågrønt vatn. Og ein smal veg som svinger seg langs kysten. Det er også ein del tunnelar. Heldigvis har nesten alle ein brytar for syklistar som gjer at det tennas eit gult, blinkande lys ved fareskiltet om syklist i tunnelen. Då føles det ganske trygt å sykle gjennom. Det var også lite trafikk. Alt i alt ein behagelig plass å sykle.

Me rakk ferga kl 15 frå Gryllefjord, så no er me på veg over til Andøya.

3

Det var mye mygg ved teltplassen, så vi startet dagen med frokost i teltet. Vi pakket sammen utstyret raskt og med myggnetting over hodet. Første etappe gikk mot Tromsø. Det var litt mye trafikk langs E8 i starten, men etterhvert kunne vi svinge av på en parallellvei. Vi måtte søke ly for en liten regnbyge i et busskur. Heldigvis stoppet det raskt.

I Tromsø ble det først en liten stopp ved Ishavskatedralen. Deretter gikk turen over broen og gjennom byen via torget. Her kikket vi i flere sportsbutikker. Utenfor byen ble det et stopp ved XXL. Så syklet vi over broen til Kvaløya.

Nå var det blitt skyfritt og varmt i været. Turen over Kvaløya var flott. Spesielt Sjøtun var en idyllisk bukt.

Framme ved Brensholmen tok vi ferjen over til Botnhamn. Her lagde vi middag. På menyen stod svenske kjøttboller og potetmos fra Fjordland og salat. Vi liker disken med nesten utgått mat til halv pris. Der er billig og bra for miljøet. Flere av middagene våre har kommet helt eller delvis derfra.

Etter middag syklet vi litt videre på Senja. Vi er begge enige om at dagens etappe har vært en av de fineste så langt. I dag har vi syklet 100 km. Med tanke på all den tiden vi har brukt i butikker er vi godt fornøyd med det. I morgen venter resten av Senja og forhåpentligvis rekker vi ferjen over til Andøya.

6

Uthvilte og fornøyde syklet vi ut fra Sørkjosen. Været var fantastisk og utsikten spektakulær langs Lyngen. Lyngsalpan er virkelig flotte fjell.

Første stopp ble Olderdalen. Her var det tid for turens første ferjetur. Ferjer skal det bli mange av i løpet av turen. Fram mot Trondheim skal det bli omtrent 16 ferjeturer. Vi gikk iland ved Lyngseidet. Herfra syklet vi i retning Svensby for neste ferje. En liten regnbyge gjorde at vi fikk testet regntøyet for første gang på turen. Vi rakk akkurat ferjen over til Breivikeidet.

Deretter gikk turen over eidet til Fagernes. Her ble det burger til middag i den lokale kiosken. Vi fant en fin teltplass etter å ha fulgt en traktorvei et par hundre meter bort fra E8. I morgen går turen til Tromsø og videre ut på Kvaløya og Senja.

5

Me vakna opp til regn på teltduken, men heldigvis hadde det gitt seg til me stod opp. Deretter gjekk turen vidare til Storslett sin einaste sportsbutikk. Her fekk Tore kjøpt seg eit nytt sykkelsete, for han var ikkje heilt fornøgd med det han har hatt til no.

Vidare hadde me planlagt å ta ein rolig dag, så me sjekka om det fantes overnattingsmoglegheiter langs vegen vidare. Me fant eit billig rom berre 5 km frå Storslett. Dermed vart nok dette turens desidert korteste etappe, totalt 6 km med sykling i dag.

No har me vaska omtrent alle kleda våre og fått dusja. I tillegg har me kost oss med middag på kafé og skal sove i seng for fyrste gong på ei veke. Elles har me både vin, chips og dipp, så dette blir ein avslappande laurdagskveld foran tv-en.

6

Vi våknet kl. 6 av at solen stekte på teltduken. Det var rett og slett så varmt at vi valgte å stå opp. Vi brukte ganske lang tid på å spise frokost og pakke sammen utstyret (det var varmt!), men vi kom oss avgårde etterhvert.

Første stykket mot Kåfjord gikk veldig fint. Utover Altafjorden var det kraftig motvind hele tiden. Ute på spissen ved Isnestoften syklet vi forbi noen artige figurer. Ettersom vi nå skulle innover Langfjorden skulle det bli godt med litt medvind. Det var i alle fall det vi trodde, men her var det jammen også bra motvind. Den eneste fordelen med motvind er at man får god tid til å nyte utsikten langs fjorden. Her var det virkelig flott!

Her er vi omtrent halvveis innover Langfjorden.

Vi kom oss inn til Langfjordbotn og fortsatte over mot Alteidet. Her passerte vi først fylkesgrense og syklet inn i Troms. Her stoppet vi ved en rasteplass for å lage middag. I dag ble det fiskeburger med potetsalat og litt grønt.

Siste etappe gikk inn til Burfjord. Vi fant en fin teltplass langs veien omtrent en kilometer etter Burfjord. Totalt ble det 107 kilometer i dag.